Skolen i Finnmark under krigen

Er det nokon av lesarane av “Finnmark under hakekorset” som veit noko å fortelje om skolen i Finnmark under krig og gjenreising, eller om finnmarkselevar sin skolegang under evakueringa?
Eg samlar stoff til verket Samisk skolehistorie, og har tidligare skrive ein artikkel om tapt skolegang under krigen. No arbeider eg med to nye artiklar, “Skolen i Finnmark under krigen” og “Skolen i Finnmark under gjenreisinga”. Det er lite å finne om dette i bøker, eg har funne litt i arkiv, Er det nokon som har noko å bidra med? Så skal eg legge ut litt på dette forumet etter kvart.
Svein Lund, sveilund@online.no

Vist 556 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Det begynner å bli smått med førstehåndsberetninger etter hvert.
En bekjent av meg fra Vardø, født i 1929, pleide å fortelle en del fra hverdagene under krigen.

Det ble så som så med skolegangen, og ofte måtte de i tilfluktsrommene. Men de ble noen kløppere til å få tak i forskjellige varer, som unge gutter med en viss suksess kunne tigge til seg fra vernemakta/okkupanten direkte, eller snike til seg på annen måte.

Det var vel smått stell med skolegang under krigen.Mange skoler ble ødelagt og noen skoler ble brukt til annet formål.Sykehuset i Vardø ble bombet og dermed ble det flyttet til skoleinternatet i Hamna i Syltefjord.Og dermed måtte skolen innstille driften midlertidlig.Min far gikk kun 3 år på skole pga krigen.

Etterlysning: Bilder og dokumenter

Takk for bidrag, det er ein god start, håper her kjem meir. Det går framover med artiklane om skolen under brenning og gjenreising. No jobbar eg med bildemateriale og dokuemnt som kan brukast til illustrasjonar. Da lurar eg på om nokon har bilde eller tips om kor ein kan finne:
- bilde av dei som nazistane sette inn som skoledirektør: Rasmus Kvammen og Bjarne Lillevik.
- bilde av leiar av Lærersambandet i Finnmark, Lars Augestad
- bilde av skolar som blir beslaglagt og brukt av tyske soldatar, skolar som blir brent, eller ruiner av skolar etter brenning / bombing
- bilde frå skolar der det er hengt opp bilde av Quisling eller andre oppslag frå NS
- bilde av brakkeskolar etter krigen, gjerne under bygging.
- attest for nasjonal holdning (slike måtte lærarar ha når dei skulle søke jobb etter krigen.
Har de noko av dette eller tips, ta kontakt med meg på sveilund@online.no eller tel. 90727698.

Det må finnast mykje av interesse hos Skuledirektøren i Finnmark. Elles så finst det elevliste over finnmarkingar som gjekk ut frå lærarskulen i Nesna og Tromsø, særleg frå 1950 og utover. Dei fleste av desse vart skulestyrarar og internatstyrarar etter kvart, mange og vanlege lærarar. Dessverre er mange av desse alt avlidne.
Sjølv høyrer eg til 1954 kulla frå Tromsø lærarskule. Eg har vore lærar ved Vardø folkeskule, Kirkenes folke-og framhaldsskule, Sandnes folkeskuleog, og skulestyrar og rektor ved Kiberg folke-og framhaldsskule. Eg har og vore elev ved Kiberg folkeskule og Jakobsnes folkeskule under krigen, og elev ved Kiberg skuleinternat etter krigen.
Vi hadde småskular i Komagvær, Kramvik, Indre Kiberg, Svartnes og Smelror inntil 1931. Då kom det nye skuleinternatet og alle småkrinsane vart samla på internatet i Kiberg.
Tyskarane tok internatet hausten 1941. Kiberg skule var då 7-delt, og klassane vart då spreidde rundt omkring i dei største husa og buene som fanst på staden. Lærarane preika aldri tysk propaganda, men dei vart tvungne til å melde seg inn i Lærarsambandet. Mangeårige lærarar på Kiberg var Per Erik Saraksen, Rickard Eriksen Lind, og fru Erna Mikkelsen.

Annonse

Nye bilder