Oddvar Støme forteller

Oddvar Støme er øyenvitne fra WW2, og har tilgodesett oss med interessante skildringer på Origo. Han har sett flere flyangrep, og han har meget god greie på partisanhistorien.

Jeg har limt inn noen smakebiter her, i form av utdrag fra en nabotråd på Finnmark under Hakekorset; Minner fra luftkrigen i Øst-Finnmark, der Oddvar og et par andre er sitert og lett redigert.

Jeg håper at Oddvar fortsetter med å fortelle (og selvsagt også at andre bidrar med sitt).
Og det kan for eksempel gjerne skje her på tråden, nedenfor utdraget.

Utdrag følger:

Oddvar Støme 05.03.2011:
Ein dag kjem nok ein filmskapar til å lage ein film om partisansoga. I mellomtida får vi alle, etter beste evne, lese og skrive så mykje som vi er i stand til omkring emnet. Ei hollandsk jenta, student ved Groeningen universitet, skreiv for mange år sidan hovudoppgåve si om Partisanar i Finnmark. Ho konkluderte på denne måten: Det er skrive mange bøker om dette emnet, men etter mi meining skulle det ha vore skrive mykje meir. Den same tanken har eg tenkt sjølv mange gonger. Om nokon ynskjer det, så kunne vi ha laga ein ny tråd her. Før eg seier noko meir, så vil eg innprente at det var Hans Kristian Eriksen frå Kiberg som var opphavet til Partisanhistoria. Med bøkene Partisaner i Finnmark 1969 og Partisanenes død 1972, og seinare den forkorta utgåve Partisaner i nord 1979 er grunnlaget lagt for heile partisanlitteraturen. Den første som snertar innom emnet er forfattaren Terje Nilsen frå Kiberg. Men dette er meir fragmentarisk og innbakt som episode i ein roman, Nord i havet 1953. Forfattarane Tor og Laila Thorsen har og ein del av emnet med i ein roman: Ytterbergfolket. Thor Thorsen er barnefødd i Kiberg. Men utruleg nok, i eit elevforedrag på Trondarnes folkehøgskule i 1949, der eg og Hans Kristian var elevar på litteraturlinja, valde eg sjølv partisanhistoria som mitt bidrag. Den gongen var soga heilt ukjent i Nordnoreg utanom Kiberg. Men vi var elevar frå heile landsdelen og litt utanom og, så mine medelevar frå den gongen kom nok til å hugse nokså mykje frå denne spennande historia.

Oddvar Støme 06.03.2011:
Så til det som var emnet her: Alfhild (Alfhild Bruvoll, red.anm.) og den rolla ho spela. Når alt er uttømt på norsk grunn, så må ein gå til arkiva, både dei russiske og dei tyske.Eg tru ikkje det er så mange att av kjenningane hennar. Det som er symtomatisk i denne soga, er den rolla som kvinnene spela. I Berlevåg sat Dagny Loe og søstera, Nelly Mørkved, Jørgunn Sivertsen og svigerinna Ruth Sivertsen. Om nokon av dei enno lever, trur eg ikkje. Men dei visste om kvarandre frå fengslet i Tyskland. Dattera til Dagny har nok fått høyre om det dei snakka om i fengslet. Men eg trur ikkje her er fleire steinar å snu lenger. Det som for meg har vore mest interessant i ettertid, er dei analysane som Hans Kristian gjorde alt den gongen, kva som var meininga med alt dette hemmelege arbeidet, korleis dei ‘store’ hadde tenkt seg utviklinga her, kva som vart gjort og kva som ikkje vart gjort av dei som stod bakom og planla alt. Berre for å take det første først: Kvifor vart ei lita kampgruppe sendt til fiendejord (Langbunes og Komagdalen) sist i august 1941 berre to månader etter det tyske åtaket på Sovjet? Medan dei russiske styrkane vart knust i hundretusentals i Sovjet og Stalin var på nippen til å evakuere bak Ural? Partisanane fortalde si soga då dei kom heim, men ingen ville tru på dei, for det heile var for fantastisk! Gjekk det føre seg eit stormaktsspel like framføre nasen på finnmarkingane?

Harald Kyrre Wahl 06.03.2011:
Ruth lever ennå. Hun bor i Båtsfjord.
Angående Bruvoll, så skal det være skrevet en dagbok av Alfhild. Hva som skjedde med den er uvisst, men bruddstykker av hva som ble skrevet i den eksisterer fortsatt.

Oddvar Støme 31.03 2011:
Eg har mange konkrete minner frå åtaka på Vardø under krigen. Slik eg minnest det, var dei første åtaka på festninga tyske bombefly. Eg minnest berre at det vart mykje ståk og flytting frå Vardø i den tida, så det må ha vore mange åtak. Hågensenfolka (Villy, Darre og Astor sine ) flytte heilt inn til Lambones og slo seg ned i det gamle Hækkilæhuset der, det som seinare vart skoten i brann etter partisankampane i -41. Mange vardøfamiliar kom og flyttande til Kiberg. Så skifte polane etter 22.juni 41, og russarane tok til å bombe større og hardare etter som tida leid. Vi gutungar snappa opp utruleg mykje frå dei vaksne, og tidleg fekk vi vite at og engelskmennene bomba Vardø frå hangarskip. Kor mykje veit vi om dette? Alt tidleg tok russarane til å bombe med brannpiler og. 23. mars 1942 stod eldlogen over heile Domen, og dagen etter fekk vi vite at sjukhuset var borte. Den 25. juni 1942 var det og åtak med brannpiler. Og ei av dei tok livet av min far på Russemarja sin kafe, der kibergfolk hadde søkt ly. Seinare drog fleire og fleire bort frå byen, og eg høyrde like før storbombinga at det berre var 16 personar att. Den dagen den 23. august 1944, sat eg i “orkesterplass” under Floget i Grundnesbukta og kunne følgje med i det som hendte. Flysvermen mot Vadsø var så stor så eg talde 139 fly i lufta. Då neste raid kom mot Vardø var flysvermen så tett at dei tok til å fyre laus med storkanonane på Kibergneset. Dette hadde eg aldri sett eller opplevd før. Eg trudde aldri det var levande liv att i Vardø etter dette. Men på grunn av fråflyttinga var det ikkje mange liv som gjekk tapt den dagen. Så kjem spørsmålet mitt til slutt: Er det nokon av dykk som har funne svaret på kvifor russarane bomba Vadsø og Vardø slik sønder og saman nyss før krigen var over. Kirkenes vart spart, for der var det ikkje mykje att lenger. Eg har tenkt mykje på det samanfallet med åtaket mot nord som russarane starta just i desse dagar. Eg vil ha det til at storlaupet mot nord starta om lag 26. august frå dei russiske linjene. Og 25. oktober inntok dei Kirkenes. Er det nokon som har detaljar her?

Nording 19.10.2011:
Er ikke historiker og har såvidt snappet opp mulig dekkhistorie ifbm det som skjedde på Langbunes 20 oktober 1941. Tre partisaner skal der ha falt i kamp med tyskerne, herunder felles krigshelt Håkon Øyen. Nevnes siden imorra ca kl 13-14 forberedes 70 års markering med bauta m.v på Langbunes (bekosta av ‘Skjold’ i Murmansk). Norske myndigheter har ikke motsatt seg dette. Men fakta er ikke klarlagt?

Oddvar Støme 19.10.2011:
Til Nording: Mandag skal Lambonesslaget 20. oktober 1941 markerast med bautareising på slagstaden, av russiske Skjold. Håkon Øyen falt i Komagværdalen (Girojänkä) den 7. oktober. Gunnar Berg frå Vardø og to russiske soldatar falt i Lambones, herunder sjefen for avdelinga! Er du interessert så kan eg fortelje deg nærare om dette, stoff som enno ikkje har kome fram i bøkene! Ventar enno på svar på mine spørsmål ovanføre!
Oddvar Støme 20.10.2011:
Krigssoga til kibergpartisanane må no snart verte skulekunnskap for all finnmarksungdom . Dette kapittelet frå siste krigen er truleg det djervaste vi har i krigssoga frå 2. verdskrigen. I morgon reisast den 3. bautaen i kibergområdet over denne krigsinnsatsen, i Lambunes i Vardø herad. Kibergspartisanane var med frå Pasvik og langs heile kysten ned til Arnøy i Troms. Eg er veldig stolt og kry over den innsatsen dei stod for. Så kan de opne ein ny streng kor de vil for meg, og eg skal vere med med bidrag. Men er det ikkje nokon her som har tenkt over det merkelege i at Vardø og Vadsø vart knust av flybombing så seint som 23.august 1944? På det tidspunktet var russarane i full fart opp mot Kirkenes og Tana bru! Den 16. oktober gjekk siste storkonvoien ut frå Kirkenes. Og frå høgdedraga ovafor Kramvik kunne eg og Arnold Øyen bivåne det eine flyangrepet etter det andre heilt til konvoien kom ut av syne bakom Kibergsnesset.
(Utdrag fra Minner fra luftkrigen i Øst-Finnmark slutt)

Vist 778 ganger. Følges av 11 personer.

Kommentarer

Heia.
Dette er spennende stoff.

Regner med at dere kjenner til denne ?

http://www.jankrogh.com/vardo/index.html

Det forteller litt om hva som skjedde ihvertfall frem til sept.1942.
Bla annet når kommandant Roald Rye Rynning må ha blitt arrestert og beordret til å møte for fengsling i Oslo:

“Onsdag 6. november 1940

Reichskommissar Terboven var i dag på en kort visitt i Vardø. Han kom fra Hammerfest via Vadsø, og reiste etter en times opphold videre til Kirkenes. (19)"

I følge General Linbeck Larsens sin bok: “Generalen og hans testamente” var det han som hadde gitt Rynning i oppdrag å holde det norske flagget vaiende på Vardøhus lengst mulig.

Linbeck Larsen var da major og militær rådgiver for daværende Fylkesmann Gabrielsen

I følge boka hadde Rynning fått ordre om å melde seg i Møllegata 19 i Oslo, den 20 november, og der møttes de 2, og begge ble da arrestert, og senere sendt i konsentrasjonsleir.

Boka er spennende og fortelller hva som skjedde i Finnmark etter at kapitulasjonen 10. juni, og frem til tyskerene begynte å interesere seg for området.

For ordens skyld, den storbombinga av Vardø 23.august 1944 som Oddvar var vitne til, har Rune Rautio skrevet om på nabotråden Minner fra luftkrigen i Øst-Finnmark. Innlegget er datert 22.oktober 2011, og du finner det her når du bare scroller litt nedover.

Aage Hansen seier ein stad at han kunne sanne i at Trygve Eriksen var ein Hardhaus. Men han såg då så liten og uanseleg ut? Men han vart den mest dekorerte soldat i partisanhæren, og kanskje langt utover det. Han hadde både Den røde stjerne og Den røde fane for dristig og vel utførd arbeid i felten. Og i tillegg er det sagt mange stader at han til slutt fekk Leninordenen. Som takk for sine tenester fekk han som bonus etter krigen innvilga 14 dagars ferie i Sovjet for seg og frua kvart år. Vi som kjendte Trygve, visste jo at han var ein stor skøyar med uoppsliteleg humør, og rappkjefta som få! Det var alltid festleg å høyre på han. I samband med ei av feriereisene til Sovjet, gjekk det så ille at Trygve datt av toget i 100 km fart. Kona ville ikkje referere så mykje frå denne ferda. Ho var berre glad for at han slapp frå det med livet i behald. Men det gjorde den godaste Trygve. Men det kunne ikkje nektast at mange gjorde seg sine tankar om dette. Mesta kvart eit bein i kroppen var broten, og fingrane var som kråkeklør. Han viste meg det mange gonger. Men seig som han var, så tok han til å planleggje ein ny tur då han kjendte seg frisk nok til det. Trygve var gift med Signe frå Kramvik, og før dei tok ut på denne nye reisa, ville ho seie farvel i søstera som var gift Halvari i Indre Kiberg. Dagmar som søstera heitte, hadde nok høyrd mykje tisking og kviskring om ulykka til Trygve, men ingen torte å snakke høgt om det. Ho likte dårleg at Trygve og søstera skulle take ut på ein ny tur til Sovjet. Og då dei tok farvel med kvarandre, prøvde ho å snakke ha frå denne risikable reisa. Men det ville ikkje Trygve høyre på. Til slutt såg berre Dagmar på han med store uskuldige auge, og så kom det: Men tenk om russarane hiv deg ut av toget ein gong til! Då kom det kontant frå Trygve: Hald kjeften på det, di tullkjerring! Det er vel ingen som har kasta meg av toget! Og han kom velberga attende opptil fleire gonger seinare.!

En praktfull historie, og nå er det bare å fortsette med å fylle på denne tråden, Oddvar!

Ja, det skal eg gjerne, Aage, etter som ånden gjev med å fortelje. Før vi lemnar Trygve bakom, så må eg fortelje at i februar 1945 kom Trygve med heile familien nettopp heimkomen frå Sovjet, på vitjing til huset i Kramvik, barndomsheimen til kona hans. Der bodde då eg med min familie, og vi var vante med at det ofte stakk innom mykje folk. Det var kald vinter med mørk frostrøyk over heile Varangerjorden. Derfor benka vi oss alle i stua rundt Trygve, og i 4 heile dagar til ende sat vi med øyra på stilk og høyrde på alle dei fantastiske sogene som Trygve kunne fortelje frå kamptida i Sovjet. Det som ergrar meg ofte no i eldre alder var at vi som unge er så dårlege lyttarar. “Vi hadde sjampanje,men rørte den ei”, seier diktaren Welhaven. Med det meinte han at vi altfor ofte let dei gode høve gå oss forbi, for vi var altfor opptekne med andre og ubetydelege ting. Under mi studietid ved UIO følgde eg eit semester i folklore (folkeminne) hos folkeminnegranskaren Olav Bø. Det vart ei umisteleg læringstid. Då først skjøna eg kor mykje av gode forteljinga og tradisjonar som sviv rundt oss heilt frå tidleg barndom av, men vi hadde aldri vorte opplært i dette og forstod det derfor heller ikke. Med tanke på alle dei fantastiske sogeforteljarane vi har vore omkransa av både frå norsk og kvensk side, så kjenner eg det idag som eit enormt tap av tradisjonskunnskap i vår kultur. Mange av desse sogene hadde jo merkelappen på seg: det var oppattaking 3 gonger eller 7 gongen eller skarven som flaug av lande eller til lands, Det var mjølkespannet som stod i myra og aldri vart tomt osb. Det tyngste for meg var at eg ikkje tok meg tid til å lytte på lofotbestefaren min som hadde kvelva tre gonger på Lofothavet. For han var glad i å fortelje, og eg var vaksen nok til å skjøne dette! På spørsmål til Olav Bø fekk eg dette svaret: Alt det vi fann av folketradisjonar og folkeviser i Telemark og omegn kunne vi ha funne på alle andre stader og, særleg i Finnmark dersom vi berre hadde leita litt meir! Vår eldste folkevise er då nettopp funne i Finnmark: Benedikt og årolilja, hos oss som Kjølnesvisa!

Vi har no vel ei veke av rettssak omkring brotsverket til Breivik bakom oss. Det er for tidleg med ein konklusjon, så eg vil i denne samanhengen vise til den førre rettssaka som rysta det norske folk inst inn i sjela: Landssvikoppgjeret! Dei fleste har lese og setta seg inn i mange detaljar, men berre få har opplevd denne saka på livet. Det vart i mitt lodd å oppleve to av dei verste nasjonale katastrofene i Noregs soge! Vi akta oss vel for å vise nasjonal haldning dersom stripate var i nærleiken. Men mann og mann imellom var saken klar: Berre vent! Att dei våga å stå på den sida! Men hemnen skulle verte søt. Berre vent! Vi gutungar skaut med maskinpistol etter dei verste. Men då saka mot Quisling nærma seg slutten, sneik det seg ein isnande tvil inn i sjela: Skulle han sleppe undan? Eg var med Svenskungan i Sverige då, og kunne følgje med både på radio og i aviser. Kva med oss som hadde bette i oss all denne hundsinga, og vona på at rettferdigheita nok skulle gå sin gang? For mange var det berre vissheita om straffa mot dei som sveik som holdt oss oppe. Så kom domen: Dømmest til dauden ved skyting! Det var som om eg letna mange kilo, og eg var berre ein gut på 13 år! Slik var det med heile nasjonen. Utan eit sonoffer ville det verte borgerkrig som Gerhardsen uttrykte det. Det er vanskeleg å skjøne i dag, men vi som gjennomlevde denne trengselstida, denne fornedringstida då liketil døtrene med tyskarsympati truga foreldrene. Eg såg persoleg ei datter som truga far sin: Ho løfte handa med spreidde fingrar framføre andletet og kveste: Pass deg berre, elles skal du snart få sitje slik! Det var vondt å sjå på faren, korleis andletet stivna og kjevane arbeidde tungt. Men det smalt ikkje i han! Det var livsfarleg! Men etter som rettargongen skreid fram, så seig og hemntørsten ut av folket. Dette var ein sak for domstolane. No kunne vi andre slappe av!

Noen som kjenner til landssviklovens paragraf 5, og hva denne omhandler?

På ditt spørsmål har jeg lett på internettet, uten resultat. Lovdata skal visstnok ha også utgåtte lover, men fant det ikke. Kanskje noen andre kan bidra.
Kan du si i hvilken sammenheng du ønsker å finne ut hva paragraf 5 omhandler?

jeg vet om noen som ble dømt etter denne paragrafen og sonte to år i fengsel. Personen fikk også avvist krigsskadeerstatning.

Jeg antar at det kan ha noe med å hjelpe tyskere, eller NS sympatisør.

Det er akkurat et tema jeg liker å lese om. Jeg har i alle år syntes tiden før 9. April, faktisk siden 1. Vk til slutten av den kalde krigen har vært interessant.
Alle mytene vi har blitt flasket opp på, myter som historikerne river ned i dag.
Tidsvitner som Oddvar Støme gir verdifulle bidrag. God helg, godtfolk.

Eg såg på bileta dine, Bengt. Den gongen reagerte vi ikkje på øydeleggjingane. Vi hade rekna med det. Vi var imune mot alt, for vi var preparerte og usårbare. Men mannefallet kunne vi ikkje stålsetje oss mot. Vi var så få der oppe, kvar fallen var bror og venn. Best hugsar eg vadsøfamilien som kom ned frå fjellet etter storbombinga, og huset var borte. Berre pipa og omnen stod att. Ja, ja sa kjerringa. Men lat oss no få på kaffekjelen! Det gjekk mange slike galgenhistorier over Finnmark i dei dagane. Ein kunne berre le åt galskapen!

Det var mye sant i det Oddvar fremholdt, da han den 15. april skrev følgende:

“Derfor benka vi oss alle i stua rundt Trygve, og i 4 heile dagar til ende sat vi med øyra på stilk og høyrde på alle dei fantastiske sogene som Trygve kunne fortelje frå kamptida i Sovjet. Det som ergrar meg ofte no i eldre alder var at vi som unge er så dårlege lyttarar. “Vi hadde sjampanje,men rørte den ei”, seier diktaren Welhaven. Med det meinte han at vi altfor ofte let dei gode høve gå oss forbi, for vi var altfor opptekne med andre og ubetydelege ting.”

Det er nettopp den samme type ergrelse jeg selv kjenner på nå. Hvorfor så jeg ikke selv – den gang jeg var ung – viktigheten av å uteske de “gamle” om fordums tider, slik at mest mulig av historien kunne bevares for ettertiden? Nå er alle mine besteforeldre døde, og jeg må beskjemmet innse at jeg sjelden intervjuet dem aktivt om livet i gamle dager. Det jeg har fått med meg, er ting de fortalte uten at jeg selv hadde bedt dem gjøre det. Kan hende hadde det å gjøre med at jeg som 20-25-åring aldri så døden som noe alternativ, – hverken for meg selv eller dem? Men så gikk altså tiden, – og nå er de alle borte.

Nå først – etter at jeg har fylt 51 år – går viktigheten av dette opp for meg. Min eldste gjenlevende på morssiden ble født i 1923. På farssiden har jeg to tanter og en onkel igjen, født i tidsrommet 1931-1936. Jeg er nå aktivt i gang med å bevare deres fortellinger for fremtiden. Men hvorfor tok jeg ikke til med slikt den gang jeg var 20-30 år, – da langt flere av slektas gamle fremdeles var i live? Svaret er vel kanskje at det ligger til menneskenaturen å konsentrere seg om nåtid og ambisjoner i første halvdel av livsløpet. Senere hen begynner man å skue bakover.

Ja, det er rett, Jan Erik! Men som eg antyda i det nemnde innlegget, så er det og fråveret av tradisjon i å fortelje, og fråveret av læring til å lytte og forstå. I vårt høve så er det skulen som har forsømt seg. Vi trudde ikkje at det var nyttig lærdom. Dei fleste trudde at det berre var dikt og forbannet løgn. Det var professor Sofus Bugge, fødd 5. januar 1833 som starta denne tradisjonen hos oss . I årevis låg han nede i Telemakr og Setesdal og samla folkeminne og folkedansar. Det er denne tradisjonen vi enno har å flyte på. Men tenk på den tradisjonen som gjekk tapt, alle forteljingane frå Lofothavet og fangstlivet på Finnmarka. For nokre år sidan kom det ein lærar sørfrå som hadde lært om folkeminne og samling av tradisjonsstoff, til Lakselv. Og han har samla bøker full til seinare slekter. Ein nabo av kvensk ætt var full av slike historier, men en vart berre flau av historiene hans, for dei var så elleville og utrulege. Ein annan nabo var spesialist på samisk adferd og samisk kunnskap i naturen. Og han likte å fortelle. Det var om korleis dei samiske fjellfolka orienterte seg under skiftande vertilhøve osb. Eg hugsar berre at han gjorde greie for korleis dei fann ut av syd og nord: dei grov seg ned mot mosegrodde steinar. Og mosesida viste syd. Men han hadde tusen andre ting å fortelje som han måtte ha lært hos desse reinfolka. Etter at Olav Bøe hadde hatt oss skule, så vakna interessa for alvor. Men då var det for seint. I mitt område er eg mesta den eldste. Vår store fader døydde, sjå det me alle må. Og arven burt dei øydde, men sumt me att kan få.

Eit lite tidsbilete frå ein søndag i april 1942 der inne på stranda ved Løkthuset i Kiberg: Russlandsfararane har vore borte lenge. Ingen har våga seg på slik ferd sidan hendingane med båten som vart borte frå Kramvik 22. oktober 1941. Vakthaldet var strengt, og tyskarane hadde stramma inn grepet på alt folket både til lands og til vanns. Eit krisebrød med blårand ligg på bordet og bordjungen litt attmed. Far står i kroken attmed barberstolen og såper seg inn, og mor står med ryggen mot komfyren som knitrar. Dei to minste sit på golvet og strever med livet som må vere på plass før strømpane vert hekta på. Med eitt snur far min seg og tørkar av såpeskummen. Så kjem det roligt: Kva dokker sei om at vi fer til Russland? Mor stivnar til med handa opp mot munnen: Ånei! Far ser på meg som alt er over 9 år. Eg tenkjer: korleis har han tenkt å få dette til, men eg seier ikkje noko. Far seier ikkje noko meir, ser berre fast ut i lufta! Eg kjenner meg uroleg. Det er då så vågelegt og farleg, og så ulikt far min. I alle år seinare har eg grunda på kva som gjekk av faren min. I ettertid fekk eg vite at Håkon Halvari låg i Persfjorden i partisanhula der denne våren. Dei hadde jo i tillegg til å vere naboar og gjort militærtenesta på Nyborgmoen den 9. april som hestekarar og mitraliøseskyttarar.Kunne dei ha hatt samband med kvarandre før det vart for lyst om kveldane. Så kom eg til å tenkje på at hovudmannen for partisanane under heile krigen var Sigurd Eriksen, Trygve sin eldste bror.Og han bodde berre få hundre meter innom oss, ved Pansersperringa. Dette var mogleg! Den andre løysinga kom då ein onkel av meg fortalde at han som fiskeskippar hadde vorte spurt om å take ein tur til Russland frå Kirkenes, og då hadde han bede far min som var vant fiskar om å vere med. Den turen vart ikkje noko av. Det er og ein tredje moglegheit: Skipparen på Storskjær, Olav Larsen var dristig og gjorde mange vendingar til Kiberg og Skallelv, der kona hans bodde. Mi mor og kona hans var gode kjenningar frå Kiberg. Men ho drog aldri med Olav over til Russland. Dei hadde tre jenter. Kan løysinga vere at Olav og far hadde planlagt å take familiane med ved eit passande høve? Dette biletet med far som står der med barberskum i ansiktet, er det skarpaste biletet eg sit att med etter far min.

FANTASTISK!

Jeg har tidligere fremholdt at Tarjei Vesaas er min yndlingsforfatter når det kommer til nynorsk. Men her “gølver” Oddvar Vesaas. Skildringen av situasjonen der hans far spør om de kanskje alle burde dra til Russland, er noe av det beste jeg har lest! Dette vil vi ha mer av, Oddvar!

Annonse

Nye bilder