Partisanene rømmer med en stjålet båt

En stjålet båt
Tyskerne hadde ikke oppdaget Ingolf som gjemte seg opp under taket på huset i Langbunes. Da tyskerne hadde trukket seg tilbake etter nattens skyting benyttet Ingolf anledningen til å komme fra fra skjulestedet. Han rømte huset og dro til Grunnes. Her søkte han ly hos familien Malin. Tyskerne kom tilbake til huset på Langbunes senere samme dag. Denne gangen hadde de antakeligvis med seg bensin, da brente ned huset på sitt siste besøk. Nedbrenningen ble nok gjort for å forsikre seg at huset ikke ble benyttet som skjulested for fienden flere ganger.

De som hadde flyktet mot Persfjord ankom Persfjorden ut på ettermiddagen. Ut på kvelden tok Johansen kontakt med informanten Gudvar Olsen. Gudvar Olsen fikk ordnet det slik at Johansen med følge fikk skjul i Persfjorden natt til 22.oktober.

I Kramvik fikk Albert Mikkelsen hjelp av Erling Malin i Grunnes. De sørget for mat, ordnet båt og holdt kontakt med sine kontakter i Persfjord, Kiberg og Komagvær. Tyskerne var mistenksomme og lette etter overlevende fra kampene på Langbunes. De gjennomførte flere husundersøkelser, men til tross for sine iherdige forsøk ble ingen av de ettersøkte oppdaget eller tatt. De som lå under gulvet i Kramvik og deres medhjelpere benyttet tiden til å forberedte seg på å få rømningene til Russland med båt. Onsdag kveld 22.oktober var alt gjort klart for at de skulle dra. De frem fra sitt underjordiske skjulested, spiste mat og kledde på seg varme klær. De hadde hjulpet til og var involvert i arbeidet fikk penger for å dekke utgifter de måtte ha hatt, for blant annet mat og utstyr. Fluktbåten var en Nordlandsbåt som tilhørte gamle Jakob. Båten hadde de fått kjøpt for 600 kr. Rundt 21-tiden på kvelden, den 22.oktober, gikk de ut og til båtnaustet der båten sto. Båten ble dratt ut. På forhånd var det gjort avtale om at båten skulle bli meldt stjålet 12 timer senere.

Da de hadde forlatt fjæra rodde de ut til Storskjæret. På Storskjæret tok de om bord ballast. I ett-tiden om natta (23.oktober) var de ferdig og begynte sin seilas mot Russland. Det første stykke var det så lite vind at de måtte ro ut av fjorden og mot Russland. Men etter hvert økte vinden kraftig. Været ble så dårlig at de på det verste fryktet for at det hele skulle gå galt. Det ble en farefull ferd, men de klarte seg. Ved halv åtte-tiden var de framme og gikk i land på Fiskerhalvøya. De gikk i land i Vaidagub.

Dagen etter, den 23.oktober gikk Albert til Kiberg for å få tak i telefon. Fra Kiberg ringte han til lensmannen. Meldingen politiet mottok var at en Nordlandsbåt hadde forsvunnet fra Kramvik. Den ble meldt stjålet. Lensmannen i Vardø tok så kontakt med politiet i Vadsø. Politiet i Vadsø mottok oppringningen kl.17:10. Lensmannen i Vardø fortalte om den forsvunnede Nordlandsbåten og ba politiet Vadsø undersøke om de kunne finne den forsvunne båten i Vadsø eller i Nord-Varanger området. Båten som hadde forsvunnet var en treroms Nordlandsbåt med rigg, seil, fortøyning og med hus bak. Båten hadde forsvunnet fra Kramvik natt til torsdag, 23.oktober. Mandag 27.oktober ringte politiet i Vadsø til bake til politiet i Vardø. Båten var ikke blitt observert i Vadsø eller i Nord-Varanger.

Hva skjedde med de som ble igjen? I Kiberg måtte Hilmar Heikkilæ etter hvert forlate bygda. Han dro til de andre i Persfjord og fikk gjemme seg sammen med de andre rømlingene. Mennene i de russisk uniform fikk etter hvert kontakt med Murmansk over radioen. Etter flere uker i skjul, i midten av november, kom redningen. De fem rømlingene ble hentet i Persfjord med ubåt og fraktet til Russland.

Ett år senere, 3.oktober 1942, var Rikard Eriksen og Ingolf Roger Eriksen også blitt ført opp på lista over personer som var mistenkt for å ha rømt over til Russland. De faktaopplysningene som er ført opp på rømlingene er:

I. Rikard Eriksen var født den 5.mai 1899 i Indre-Kiberg. Han var lærer av yrke og hadde sin faste bopel i Indre-Kiberg.
II. Ingolf Roger Eriksen var født den 14.januar 1914 i Indre-Kiberg. Han var fisker av yrke og hadde sin faste bopel i Indre-Kiberg.

Politiet var usikker på når de hadde forlatt landet, men de hadde mistanke om at forsvinningen kunne settes i sammenheng med båten som var blitt meldt stjålet i Kramvik 23.oktober 1941.

Vist 707 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Mellom 1. september og 7. oktober 1941 må partisanane ha vore aktive heile tida, men vi veit lite om dette tidsromet. Først når Jesjov kjem med sin rapport svært sein får vi vite at dei ansvarlege hadde samband med sivilkontaktane i Kiberg. Men han seier og at dei aldri møtte kontaktane sine innomhus. Sigurd Eriksen, den eldste av Eriksenbrødrene har no teke over som sjef for etterretninga.“Han for no der med den hekka si” fortalte Albert meg ein gong. Personleg fekk eg lite ut av både Albert og Erling M., Erling sa rett ut at han ikkje tålte lenger å prate om krigen, han vart sjuk av det.Albert hadde tidd så lange at det hadde vorte ein vane å ikkje snakke om denne dramatiske episoden i livet. Det var Sigurd Eriksen som hjelpte Frans Heikilä over til Persfjord etter brannen i Kiberg. Det var til Sigurd Albert betalte dei 6000 kr. etter at båten var betalt. Meldinga hadde Albert fått frå Håkon Halvari då dei seilte over. Om morgonen 20. oktober syklar Albert til Kiberg og rett til onkelen, Markus Olsen som har ein fin kutter liggjande på vågen. Tak berre båten, men eg kan ikkje nærme meg hamna utan at tyskarane er på vakt.Albert tek med seg denne beskjeden til rømlingane under golvet i Kramvik. Men det er for seint. Tyskarane er på vakt, og på veg innover til Lambones.

Det er fine tilleggsopplysninger du kommer med Oddvar Støme.

Harald Kyrre! Med dei særs fine opplysnigane som du har skaffa tilveies så er det berre ei glede dersom eg kan bidra med meir utfylande stoff. Dessutan ser vi at det etter kvart tek til å levne omkring motstandsarbeidet i det eine landet etter det andre. Polakkane, franskmennene,grekarane og danskane har bidratt med mykje verdfullt stoff på Tv i den siste tida. Franskmennene sa det heilt tydeleg: Etter kvart gjekk det opp for oss at kvar mann hadde ei plikt til å motarbeide dette tyranniet, uansett politisk stode. Som Nordahl Grieg seier det: Vi var som i ein sunken ubåt. Vi vil ikkje dø slik ein død! Som ung kibergsværing den gongen så har eg etter kvart skjøna at vi måtte bort frå denne vulgære hetsinga dei politiske partia imellom. Det galdt overleving av Europa, og det skjøna dei unge etter kvart i mange land. På denne bakgrunnen har eg alltid sett partisankampane i våre heimlege farvatn.

Eit ubeskrive blad i vår samanhang er elles opphaldet for lambonesgruppa i Persfjord frå 21. oktober til 15. nov 1941. Berre Rikart Johansen forsto norsk. Og det var Gudvar Olsen som tok seg av denne saka. Nokre av Persfjordingane som enno lever må ha høyrd forteljingar om denne episoden frå foreldrene. Det er berre utruleg at persfjordfolket klarte å skjule ein heil liten tropp av russarar i så mange dagar. Den partisanhytta som seinare vart bygd i Austerdalen, kom til anvendelse på eit seinare tidspunkt. Det var no full vinter og desse folka måtte jo han ei stad å bo! Dei måtte ha klede, varme og mykje mat. Berre denne kraftanstrengelsen måtte vere ein ubeskriveleg prestasjon, midt i eit okkupert land.

Vil det si at de bodde hjemme hos Gudvar Olsen? Jeg trodde de bodde i ei slags hule eller noe et stykke oppfor huset i Persfjorden.
Det er ei stund siden jeg har lest bøkene til Hans Kr. Eriksen, så man husker ikke alt.

Eg trur ikkje Hkre. har sakt noko om dette. Det er derfor eg og spør. Det er vinter no, så dei må vere innomhus, og hytta i Austerdalen er enno ikkje bygd. Korleis har Gudvar Olsen klart å halde dette hemmeleg for bygdefolket? Tenk for ein farleg situasjon dette er. Det kan hende at Gudvar fekk ein avtale med Alfhild i Syltevika? Men det er sporsnø hele vegen, og tyskarane er rundt omkring. Det einaste alternativet eg ser, er at dei tek i bruk slåttehyttene litt burte frå folk. Men når dei vert henta av ubåten, går dei ombord frå Syltevika og ikkje frå Persfjord.

Ja, det er en mulighet. Jeg har forstått det sånn at Alfhild ble en del av dette på et senere tidspunkt.

Alf R. Jacobsen skriver i sin bok “Rød august” (kapittel “Familien Olsen i Persfjord”) at rømlingene fikk hjelp av Gudvar Olsen og hans medhjelpere, Leif og Erling Olsen. Rømlingene lå et par dager i skjul hjemme hos Gudvar, før de dro til hans forlatte gamme på kysten.

Ja, det må nok vere slik det var. Men er det nokon som kan peike ut denne skjulte gamman til Gudvar? Det er i tilfelle det einaste klenodiet vi har etter denne berømte historien. I Komagdalen står Bjørneskarhytta som no er restaurert og ny. Men Finngammen ved Steinfjellet er borte og erstatta med ei bordhytte eit stykke frå den opprinnelege gammen. Huset i Lambones er borte, men huset i Kramvik eksisterer enno. Men kva med gammen til Gudvar? Storgammen (russegammen) i Austerdalen er gått tilbake til muld. Men når ein samanliknar kampen i Lambones med soga til Harald Kyrre, så fell historia om alle tyskarane som fell her i fisk. Det falt berre tre tyskarar ved huset, ein inni og to utanføre. NKVD-kaptein Jesjov er truleg den einaste overlevande frå denne ekspedisj0onen.

Ja, jeg er enig med deg at den gammen som Alf R. Jacobsen sikter til er et mysterium. Det var muligens en gamme som kun ble brukt i den varme årstiden, eller så var den i et område der det ikke var så mye folk som ferdes. F. eks slåttehytter, bærhytter, osv.

Angående antall tyskere som falt, så er det mulig at tyskerne tok med seg de som ble drept et stykke fra huset, ved den første trefningen. De drepte tyskerne som ble funnet under det andre angrepet var de som lå nært huset/eller helt inn til huset. Dette var nok drepte som de ikke turte å ta med seg under første trefning. Det kan i alle fall tolkes slik.

Det kan vere noko i det du seier, Harald Kyrre. Men det var berre eitt åtak mot huset, og det var åtaket kl. 4 den 20. oktober. Bernhard Abrahamsen fortalde meg om det andre åtaket som var slege tilbake straks: På tysk kommando køyrde eg eit lite kompani soldatar innover til huset i Lambones. Då vi kom ned til siste svingen før huset, såvart vi møtt av ein morderisk geværild. Alle soldatane hjelpte til med å få bilen snudd i ei snøfonn, og så for vi sporenstreks tilbake til Kiberg. Jesjov fortel i sin rapport at han har kommandoen etter sjefens fall. Han ser lastebilen med soldatane som kjem mot huset, og han kommanderer full tystnad inntil den tyske transporten er nær nok. Då opnar dei samstundes full eld med alle automatvåpen, og dei ser at tyskarane rømmer utover att. Rikart Johansen ber om at dei kjem med han ut av huset, men Jesjov meiner at dei er tryggast i huset, for dei har sigra alt 2 gonger no. Rikart seier at dei enno har ein sjanse, og i rapporten viser Jesjov mange år seinare til denne samtalen: Rikart seier på dårleg russisk at “vi har enno ein sjanse”, og Jesjov minnest enno den merkelere måten Rikart gjer seg forståeleg på. Men etter ein tenkepause, skjøner dei at det einaste dei kan gjere, er å følgje Rikart over fjellet til Persfjord. Dei legg frå seg alt av bagasje som ikkje trengst til turen over fjellet. Det er dette utstyret som dei norske finn bakom huset om natta. Det er utstyret til dei falne russarane. Her er og ein maskinpistol PPCha som tyskarane øydelegg seinare. Dei følgjer fjæra utover mot Lambobrua, vasser oppover elva og tek av høgare oppe mot hola i Svartnesbergan. Grytidleg den 21. tek dei over fjellet , følgjer Austerdalen ned til Persfjord og telefonlinja rakt til Gudvars hus. Han sit der saman med fleire andre, og det er Rikart som spør etter han. Gudvar skjøner straks kven som det er som står der i døra. Han sprett opp og seier: javel, dokker kjem no! Så tek han dei med seg til sitt eige husvere. Eg kan aldri slutte å undre meg over kor snartenkt og gløgg desse karane var, kor snøgt dei kunne vri seg ut av vanskelege situasjonar.

Eg har skrive på annan plass at Hans Kristian i sitt innlegg i boka Partisanbygda Kiberg rotar litt med årstala, derfor er det så godt at du Harald Kyrre kan verifisere dei rette tala. Eit anna avsnitt i same boka seier Hans Kristian at gruppa frå Sørøyaekspedisjonen vart henta til Sovjet etter krigen. Dette kan ikkje Hans Kristian ha skrive. Her må det vere manipulering av ein eller annan grunn. For desse tre karane, Otto Larsen, Ragnvald Mikkelsen og Emil Isaksen drog sommaren 1945 av fri vilje. Ingen framand stat har justis over norske borgarar ETTER AT KRIGEN ER OVER. Det gjekk med dei som med Alf Mikkelsen som drog for tidleg over. Dei vart fengsla, og berre to av dei kom att. Men dei falt ikkje i krigen, men i fredstid.

Harald Kyrre! Korleis kan eg finne att dine innlegg om politirapportane som omhandlar partisan-hendingane frå 20.-21. oktober 1941. Eg vil så gjerne ha desse lagra på min maskin. Partisansoga er ikkje fullskriven enno. Her er mange hol som må verte utfyllt.

Alle blogginnleggene jeg har skrevet finner du på adressen haraldkyrrewahl.blogg.no/html.

Hendelsene som spesielt omhandler tidsperioden 20.-21.oktober 1941 starter med den delen som heter: Flukten til Sovjetunionen del 12. De påfølgende delene som tar for seg disse dagene går opp til og med til del 15.

Del 12
Del 13
Del 14
Del 15

Annonse

Nye bilder