Baltisk sympatipop

Litt off topic, men i ren sympati med de baltiske nasjonene som sliter litt med identiteten sin for tida – han latviske gutten jeg pleier prate med på puben sier folk spør hverandre: Hvem er vi? Skal vi for alltid være fordømte til å leve som lus mellom fingernegler på stormaktenes sabelrasling?
Derfor går baltisk pop i tung rotasjon her i gården(veldig fint å høre estisk språk sunget, synd man ikke skjønner noe :)

http://www.youtube.com/watch?v=-Q0dztCxoSs&index=9&list=RDWE6SyQxADGM

Vist 83 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Estisk er eit finsk-ugrisk språk og liknar på finsk på same måten som trøndersk liknar på norsk. Dei har som trøndarane mykje avkorting av ordendinga. Men etter at dei fekk høve til å lytte til finsk TV, så har mange lært seg til å forstå finsk. Som finnmarking med samisk eller finsk språkbakgrunn, går det greitt å lære seg estisk. I røynda skulle vi finnmarkigar for lenge sidan ha lært oss både finsk og samisk, ved sida av bokmål/nynorsk som er våre obligatoriske skriftspråk.

Som mange av oss minnest, så vart Baltikum fri frå Sovjet 18. august 1991. Alt i oktober same året vart eg tilsett av norske UD som norsklektor ved Tartu uiversitet. Eg fekk nokre minnerike år i Estland der eg møtte vennlege folk med stor interesse for dei nordiske landa. Eg underviste både i bokmål og nynorsk, og nynorskklassa fekk og eit skuleår på norske fokehøgskular. Dei snakka perfekt norsk etter tre år. Seinare har og nokre av mine elevar sjølv undervist i norsk på universitetet der. Litt problematisk for meg vart det at estarane var så fientlege mot kontingenten av russarar i Estland. Danske aviser tok opp dette problemet og gjorde merksam på at både Nato og EU ville hengje i ein tynn tråd dersom dei ikkje skifta litt på desse haldningane. No er et snakk om å sende norske soldatar til Baltikum. Eg trur ikkje alle i Estland er så begeistra for det, for dei veit kor lett russarane vert irriterte.

Annonse

Nye bilder