Tone og Idun på Harbakken

Kanon ring på Harbakken for Fransk 145 mm kanon, med fruen og hunden som statister.

Vist 544 ganger. Følges av 6 personer.

Kommentarer

Harbakken, tilfluktsbunker under 5 cm kanon.
Fotografert i august 2012

I denne bloggen og mange fleire har vi fått mykje elendigheitsbeskrivelse om der tyske åtaket på Noreg. Og det er heilt på sin plass historisk sett. Men det er eitt emne som har fått ein utruleg einsidig dokumentasjon: Evakueringa og nedbrenninga av Finnmark! Sjølv var eg ein høgst levande og oppegåande unggut då dette hende. Eg festa meg med mange hendingar som var til å undre seg over, og som gav mykje ettertanke. Eg opplevde dei første frigjeringsdagane med opent sinn og skarpe sansar. Og mange av dei første tankane etter den 1. november 1944 var desse: Korleis skal vi overleve i eit rassert og nedbomba samfunn, korleis skal vi få tak i mat, brensel og husvere for alle folka som no strøymde til der husa enno stod? Korleis skulle vi unngå alle minefellene og lumske åtaka som tyskarane sikkert hadde lagt ut for å råke oss? Og alle hestane, syklane, trillebårene og båtane som no var borte? Nokre av svara gav seg sjølve: Husvere hadde vi i dei gamle byggjingsmetodane frå gamle tider: Ein halv, kvelva båt ilt med torv, brensel var og på same måten: Torvtaking! Og mange av båtane kunne vi fløytte oppatt. Men kva med mat og klede? Då må eg straks vise til det kjente og annonsertte Fÿhrerbefehl. Total nedbrenning og total evakuering av alle folk i området. Men dei tyske styresmaktene i Austfinmark visste at her sat ein folkesetnad på 25.000 som ikkje kunne evakuerast. Dei hadde nok med å kom seg sjølve av garde på dagen. Spørsmålet mitt vart derfor: Var det medviten og bevisst lemning av mat til befolkninga vi vart vitne til då vi den 30. oktober tok til å strøyme inn i dei tyske fasilitetane? Personleg som ein av dei første på Domen og i Svartnesleirane like ved Skinnstakkvikbrua møtte det oss eit berg av førsteklasses mat i form av brakker fulle med knekkebrødsekkar, oppstabla 10- litersspann med sukramelk, marmelade og syltetøy. sekker og kassar med strøsukker, kveitemel, makaroni, kassar med fiskehermetikk. bakstemel og mykje anna som eg ikkje fekk med meg den første dagen.Eg og onklane mine hadde hest, men alle dei andre måtte enten bere eller trille sitt oppsamla gods over Domen. Seinare fann vi dei same matvarane i store mengder på Kibergsnesset festnihng. Men ikkje i slike mengder som i Svartnesleiren og på Domen. Herifrå hadde nemleg tyskarane evakuert allereie den 28. og 29. oktober. Kibergsnesset lemna deg først den 31. oktober. Dette har i all ettertid gjeve meg mange uvanlege tankar! Men kvifor har ingen skrive om dette før? Og ikkje ei einaste minefella opplevde vi korkje på Svartnes eller på Kiberg festung. Det skjedde ikkje eit einaste uhell der hundrevis av menneske strøymde inn i dei tyske fasilitetane på ivrig jakt etter mat og klede. Eg trur at det låg ein velvillig og menneskeleg tanke bakom:Vi kan ikkje late 25.000 menneske gå den sikre dauden i møte når vi likevel må lemne etter oss så mykje mat. Seinare lærte vi å tråle opp rikelege mengder med topp oksekjøt og mengder av kol frå dei isundsprengde fryse- og kollagra på Vardø hamn. Men frå våre allierte høyrde vi ikkje eitt ord! Eg kan dokumentere desse tankane mine med ei anna sjølvoppleving: Mor som var enke med tre barn, var evakuert til ei anna bygd, og tyskarane hadde teke over huset. Men soldatane som hadde rekvirert huset hadde sendt melding til oss om at når dei var borte, så skulle ho leite godt etter i alle krok og krå både i huset og i fjøsen. For dei ville lemne etter seg det dei kunne skrapa i hop av klea og andre nytteting. Då vi kom til huset, var låsen brote opp, alt av innbo smadra og hogd isund, alle våre personlege delar fjerna, og like til den vakre kutteren min på over ein halv meter, som onkel Oskar på Jakobsnes hadde laga, var borte. Stolane og borda var hogde isund med bajonett, slik at herverket skulle hamne på ryskarane. Og ikkje ein einaste ting som vi var lova, låg att. Men innerst i båtfjøsen fann vi ein sekk full av vinterkleda og heilt nye filtstøvlar og mykje anna nyttig. Det same i eit steinrom som ingen visste av, for det vart bygd av oss sjølve som tilfluktsrom. Så kan jo kvar og ein tenkje etter sjølv! Eg hadde ein kaMERAT PÅ SAME ALDEREN SOM VAR VITNE TIL DENNE UGJERNINGA. fOR FEM ÅR SIDAN KVISKRA HAN TIL MED: eG VEIT KOR BÅTEN DIN HAMNA. hAN ER LIV LAGA ENNO I DAG. dET ER NO SÅ LANG TID SIDAN, SÅ EG SEIER IKKJE EITT ORD MEIR!

Oddvar Støme, hvis jeg ikke husker feil, så har jeg lest i politirapporter at maten som lå igjen var myntet på de russiske fangene. Det var meningen at de ikke skulle bli tatt med høsten 1944, men at de skulle bli levnet igjen. Men i siste liten skal det ha kommet kontra ordre, og de ble tvunget med da tyskerne trakk seg tilbake langs veien innover mot Varangerfjorden.
Jeg skal se om jeg finner den rapporten og se om jeg har lest helt feil. Jeg har den liggende en plass.

Det er mykje truleg, det du her seier. For det har aldri slutta å forundre meg at så mykje mat vart samankøyrd på ein plass, og innafor ei inngjerding. Eg trur at det den gongen alt då vi oppdaga desse matberga, snerta oss at dette med fangane var løysinga. Men det kune vi ikkje få verifisert hausten 1944. Når eg no tenkjer etter, så var det og ein naturleg tanke, for maten var jo inne i fangeleiren. Men det forvirra litt at fangane ikkje hadde ete opp all maten. Og det var ikkje noko søl å sjå rundt omkring. Alt var appetitteleg og i store spann og boksar. Og oppe på domen var brakkene fulle av sekkar med uspretta knekkebrød. Eg har aldri sett så mykje knekkebrød korkje før eller sidan.

Høyst interessant Oddvar Støme.
Jeg har leita fram informasjon om de som flyktet fra Varangerhalvøya i 1940. Noen av de opplysningene jeg har funnet kan jeg ikke se har blitt publisert tidligere. Jeg skal legge ut noe av det i løpet av morgendagen og i dagene som kommer. Hvis du har kommentarer til den informasjonen som blir lagt ut så vil det være fint.

Fint at du legg ut det du har av opplysningar. Sjølv vrenger eg av meg mest mogleg, for tida tek til å lide. Ein veit ikkje kor lenge ein kan repetere det som vart opleve for 70 år sidan. Men eg skal seie ifrå straks eg merker at det tek til å surre. Som kjent var både fangar og tyskarar borte då vi kom til Svartnes 28. og 29 oktober 1944. Dei siste troppane frå Kiberg festning reiste til Vardø den 30. seinare var alle buer sprengde og ingen trafikk innover mot Vadsø. Men dei første partisanane på fri norsk jord venta overfor Vadsø, og dei første dagane av november kom dei ned til Vadsø i full uniform. Det var Trygve Eriksen frå Kiberg og Dagny Sneve Siblund frå Jakobsnes. Ho hadde mista mannen sin Alf, over Petsamo då dei skulle på oppdrag i Norge. Dette grufulle livet som partisanane levde er ikkje samanliknbart med noko av det eg veit frå krigshistoria. Og eg hugsar enno den redselen som tok oss ungar då vi fekk vite at det var kibergsfolk med i gruppa i Komagdalen i 1941. Sjølve eksodus frå Kiberg i septemer 1940 hadde vore så dramatisk og farleg, så kvifor kunne dei ikkje berre sitje der i Sovjet å vente på at krigen skulle vere over? Slik var det vi tenkte. At våre folk skulle spele med i den mest dramatiske krigssoga i landet var ikkje i tankane hos oss endå.

Bildesamlingen (146 bilder)

 
 

Andre bildealbum

Image_album_128x128

Prestøya

0 bilder

kiberg fort

124 bilder

Syltevika

6 bilder

Skagen

2 bilder