Viser arkivet for oktober, 2011

Flyvraket ved Skallelv

I tråden “Minner fra luftkrigen i Øst-Finnmark” har Rune R postet et par bilder fra vraket av en Messerschmitt Bf 110 G-2 som ligger i nærheten av Skallelv. I begynnelsen av september var det noen dager med fantastisk vær, og en av disse dagene bestemte jeg med for å prøve å finne stedet der denne jageren hadde styrtet.

Les mer…

Oddvar Støme forteller

Oddvar Støme er øyenvitne fra WW2, og har tilgodesett oss med interessante skildringer på Origo. Han har sett flere flyangrep, og han har meget god greie på partisanhistorien.

Jeg har limt inn noen smakebiter her, i form av utdrag fra en nabotråd på Finnmark under Hakekorset; Minner fra luftkrigen i Øst-Finnmark, der Oddvar og et par andre er sitert og lett redigert.

Jeg håper at Oddvar fortsetter med å fortelle (og selvsagt også at andre bidrar med sitt).
Og det kan for eksempel gjerne skje her på tråden, nedenfor utdraget.

Utdrag følger:

Oddvar Støme 05.03.2011:
Ein dag kjem nok ein filmskapar til å lage ein film om partisansoga. I mellomtida får vi alle, etter beste evne, lese og skrive så mykje som vi er i stand til omkring emnet. Ei hollandsk jenta, student ved Groeningen universitet, skreiv for mange år sidan hovudoppgåve si om Partisanar i Finnmark. Ho konkluderte på denne måten: Det er skrive mange bøker om dette emnet, men etter mi meining skulle det ha vore skrive mykje meir. Den same tanken har eg tenkt sjølv mange gonger. Om nokon ynskjer det, så kunne vi ha laga ein ny tråd her. Før eg seier noko meir, så vil eg innprente at det var Hans Kristian Eriksen frå Kiberg som var opphavet til Partisanhistoria. Med bøkene Partisaner i Finnmark 1969 og Partisanenes død 1972, og seinare den forkorta utgåve Partisaner i nord 1979 er grunnlaget lagt for heile partisanlitteraturen. Den første som snertar innom emnet er forfattaren Terje Nilsen frå Kiberg. Men dette er meir fragmentarisk og innbakt som episode i ein roman, Nord i havet 1953. Forfattarane Tor og Laila Thorsen har og ein del av emnet med i ein roman: Ytterbergfolket. Thor Thorsen er barnefødd i Kiberg. Men utruleg nok, i eit elevforedrag på Trondarnes folkehøgskule i 1949, der eg og Hans Kristian var elevar på litteraturlinja, valde eg sjølv partisanhistoria som mitt bidrag. Den gongen var soga heilt ukjent i Nordnoreg utanom Kiberg. Men vi var elevar frå heile landsdelen og litt utanom og, så mine medelevar frå den gongen kom nok til å hugse nokså mykje frå denne spennande historia.

Oddvar Støme 06.03.2011:
Så til det som var emnet her: Alfhild (Alfhild Bruvoll, red.anm.) og den rolla ho spela. Når alt er uttømt på norsk grunn, så må ein gå til arkiva, både dei russiske og dei tyske.Eg tru ikkje det er så mange att av kjenningane hennar. Det som er symtomatisk i denne soga, er den rolla som kvinnene spela. I Berlevåg sat Dagny Loe og søstera, Nelly Mørkved, Jørgunn Sivertsen og svigerinna Ruth Sivertsen. Om nokon av dei enno lever, trur eg ikkje. Men dei visste om kvarandre frå fengslet i Tyskland. Dattera til Dagny har nok fått høyre om det dei snakka om i fengslet. Men eg trur ikkje her er fleire steinar å snu lenger. Det som for meg har vore mest interessant i ettertid, er dei analysane som Hans Kristian gjorde alt den gongen, kva som var meininga med alt dette hemmelege arbeidet, korleis dei ‘store’ hadde tenkt seg utviklinga her, kva som vart gjort og kva som ikkje vart gjort av dei som stod bakom og planla alt. Berre for å take det første først: Kvifor vart ei lita kampgruppe sendt til fiendejord (Langbunes og Komagdalen) sist i august 1941 berre to månader etter det tyske åtaket på Sovjet? Medan dei russiske styrkane vart knust i hundretusentals i Sovjet og Stalin var på nippen til å evakuere bak Ural? Partisanane fortalde si soga då dei kom heim, men ingen ville tru på dei, for det heile var for fantastisk! Gjekk det føre seg eit stormaktsspel like framføre nasen på finnmarkingane?

Harald Kyrre Wahl 06.03.2011:
Ruth lever ennå. Hun bor i Båtsfjord.
Angående Bruvoll, så skal det være skrevet en dagbok av Alfhild. Hva som skjedde med den er uvisst, men bruddstykker av hva som ble skrevet i den eksisterer fortsatt.

Oddvar Støme 31.03 2011:
Eg har mange konkrete minner frå åtaka på Vardø under krigen. Slik eg minnest det, var dei første åtaka på festninga tyske bombefly. Eg minnest berre at det vart mykje ståk og flytting frå Vardø i den tida, så det må ha vore mange åtak. Hågensenfolka (Villy, Darre og Astor sine ) flytte heilt inn til Lambones og slo seg ned i det gamle Hækkilæhuset der, det som seinare vart skoten i brann etter partisankampane i -41. Mange vardøfamiliar kom og flyttande til Kiberg. Så skifte polane etter 22.juni 41, og russarane tok til å bombe større og hardare etter som tida leid. Vi gutungar snappa opp utruleg mykje frå dei vaksne, og tidleg fekk vi vite at og engelskmennene bomba Vardø frå hangarskip. Kor mykje veit vi om dette? Alt tidleg tok russarane til å bombe med brannpiler og. 23. mars 1942 stod eldlogen over heile Domen, og dagen etter fekk vi vite at sjukhuset var borte. Den 25. juni 1942 var det og åtak med brannpiler. Og ei av dei tok livet av min far på Russemarja sin kafe, der kibergfolk hadde søkt ly. Seinare drog fleire og fleire bort frå byen, og eg høyrde like før storbombinga at det berre var 16 personar att. Den dagen den 23. august 1944, sat eg i “orkesterplass” under Floget i Grundnesbukta og kunne følgje med i det som hendte. Flysvermen mot Vadsø var så stor så eg talde 139 fly i lufta. Då neste raid kom mot Vardø var flysvermen så tett at dei tok til å fyre laus med storkanonane på Kibergneset. Dette hadde eg aldri sett eller opplevd før. Eg trudde aldri det var levande liv att i Vardø etter dette. Men på grunn av fråflyttinga var det ikkje mange liv som gjekk tapt den dagen. Så kjem spørsmålet mitt til slutt: Er det nokon av dykk som har funne svaret på kvifor russarane bomba Vadsø og Vardø slik sønder og saman nyss før krigen var over. Kirkenes vart spart, for der var det ikkje mykje att lenger. Eg har tenkt mykje på det samanfallet med åtaket mot nord som russarane starta just i desse dagar. Eg vil ha det til at storlaupet mot nord starta om lag 26. august frå dei russiske linjene. Og 25. oktober inntok dei Kirkenes. Er det nokon som har detaljar her?

Nording 19.10.2011:
Er ikke historiker og har såvidt snappet opp mulig dekkhistorie ifbm det som skjedde på Langbunes 20 oktober 1941. Tre partisaner skal der ha falt i kamp med tyskerne, herunder felles krigshelt Håkon Øyen. Nevnes siden imorra ca kl 13-14 forberedes 70 års markering med bauta m.v på Langbunes (bekosta av ‘Skjold’ i Murmansk). Norske myndigheter har ikke motsatt seg dette. Men fakta er ikke klarlagt?

Oddvar Støme 19.10.2011:
Til Nording: Mandag skal Lambonesslaget 20. oktober 1941 markerast med bautareising på slagstaden, av russiske Skjold. Håkon Øyen falt i Komagværdalen (Girojänkä) den 7. oktober. Gunnar Berg frå Vardø og to russiske soldatar falt i Lambones, herunder sjefen for avdelinga! Er du interessert så kan eg fortelje deg nærare om dette, stoff som enno ikkje har kome fram i bøkene! Ventar enno på svar på mine spørsmål ovanføre!
Oddvar Støme 20.10.2011:
Krigssoga til kibergpartisanane må no snart verte skulekunnskap for all finnmarksungdom . Dette kapittelet frå siste krigen er truleg det djervaste vi har i krigssoga frå 2. verdskrigen. I morgon reisast den 3. bautaen i kibergområdet over denne krigsinnsatsen, i Lambunes i Vardø herad. Kibergspartisanane var med frå Pasvik og langs heile kysten ned til Arnøy i Troms. Eg er veldig stolt og kry over den innsatsen dei stod for. Så kan de opne ein ny streng kor de vil for meg, og eg skal vere med med bidrag. Men er det ikkje nokon her som har tenkt over det merkelege i at Vardø og Vadsø vart knust av flybombing så seint som 23.august 1944? På det tidspunktet var russarane i full fart opp mot Kirkenes og Tana bru! Den 16. oktober gjekk siste storkonvoien ut frå Kirkenes. Og frå høgdedraga ovafor Kramvik kunne eg og Arnold Øyen bivåne det eine flyangrepet etter det andre heilt til konvoien kom ut av syne bakom Kibergsnesset.
(Utdrag fra Minner fra luftkrigen i Øst-Finnmark slutt)