Viser arkivet for stikkord under

Skolen i Finnmark under krigen

Er det nokon av lesarane av “Finnmark under hakekorset” som veit noko å fortelje om skolen i Finnmark under krig og gjenreising, eller om finnmarkselevar sin skolegang under evakueringa?
Eg samlar stoff til verket Samisk skolehistorie, og har tidligare skrive ein artikkel om tapt skolegang under krigen. No arbeider eg med to nye artiklar, “Skolen i Finnmark under krigen” og “Skolen i Finnmark under gjenreisinga”. Det er lite å finne om dette i bøker, eg har funne litt i arkiv, Er det nokon som har noko å bidra med? Så skal eg legge ut litt på dette forumet etter kvart.
Svein Lund, sveilund@online.no